top of page
Klar for ny sesong?
Ny sesong er i gang på Voss og over 20 spelarar er med og klar for ein spennande ny sesong. Med dei nye trenarane Stig Hope og Bjarne Nørgaard Rasmussen så forvente dei begge eit hardt arbeidande lag.
Tekst: Andreas Hope
Sesongen starta tidleg i januar, og med nytt lys og isen borte på stadion, kunne Voss sitt «nye» juniorlag begynne å forbetre seg tidleg. Trenarane vil at spelarane kun skal vere seg sjølv og spele fotball slik dei alltid har gjort. Mange av spelarane er spente på kva rolle dei får i klubben, og det viktigaste på treningane no framover er å vise seg fram til dei nye trenarane.
- Ingenting er avgjort endå, det er altfor tidleg inn i sesongen til å avgjere noko slikt. Me trenger framleis meir tid med spelarane og sjå på kva rolle som passe dei best. Når me har blitt meir kjent med spelarane og fått sett kva dei kan, då kan me diskutere rollar, sa ein spent Stig Hope som går inn i rolla som trenar for tredje gong i ein ny klubb.
Ein som kjenner sin rolle og blir sentral i Voss sin spelestil, er keeper Erlend Baera. Han har allereie fått treningar med A-laget til Voss, men er klar for å gi alt for Voss junior og. Trenarane har allereie avslørt at dei vil spele angripande fotball i ein 3-5-2-formasjon. Då blir keeperen viktig fortellar trenarane. Vi vil ha ein «Neuer»-keeper som tør å stå høgt opp i banen og tør å takle litt. Erlend Baera vil dermed få ein viktig rolle viss han speler for Voss junior. Det er konkurranse i alle plassane på laget, så sjølv keeperplassen er ikkje heilt trygg enda.
Det neste som kjem no er treningskampen. Der spelar Voss mot Voss og der skal trenarane bli meir kjent med spelarande. Det store spørsmålet no er om folk vil komme på kampane framover og støtte laget



Keeper Erlend Baera er klar for ein ny sesong.
Trenar Stig Hope vert hovudtrenar for tredje gong i ein ny klubb.
bottom of page