Årets lag, 2014/15.
Dei store ligaene er snart ferdig og me har fått nokon spesielle opplevingar frå ulike spillarar. Dette er eit lag over spelarar eg synest har prestert bra utover sesongen.
(Husk at dette er ei liste kunn basert på mine eigene meiningar, så viss du er ueinig eller ville hatt med ein anna spelar legg gjerne igjen ein kommentar nede i feltet.)
Tekst: Andreas Hope
Keeper: Det har vert mange keeperar som har prestert bra utover sesongen, men valet var stort sett mellom 2 spelarar. David De Gea og Manuel Neuer. Mitt val falt på De Gea. Han har vert ein murvegg for Manchester United. Han har refleksar som vinner deg kampar, og sjølv om Neuer har vert lika god, så har han eit forsvar bak seg som ikkje kan samanliknas. Dermed får De Gea denne plassen. Men eg vil også nemne at Hugo Lloris (Tottenham), Thibaut Courtois (Chelsea) var ganske høgt oppe på lista.
FORSVAR:
Høgreback: Ein høgreback som kanskje ikkje får så mykje oppmerksamheit er Portos Danilo. Høgrebacken er blitt eit fast namn og fått ansvaret som kaptein. Han er rask, spilledyktig og kan drible. Dette er 3 viktige ting for ein moderne høgreback. Han har og imponert i Champions League og var med på å vinne 3-1 mot Bayern Munich, uheldigvis for Porto fekk Bayern tatt igjen og Porto er no ute av Champions League. Danilo får min plass som høgreback.
Midtstopper Nr 1: Kanskje eit nytt uvanlig namn, men ikkje eit urettferdig eit. Jose Fonte hoss Southampton er midtstopper giganten. Eit Southampton lag som har gjort ein prestasjon over all forventning. Dei var lenge med i ein plass om topp 4, og det var takka vere Fonte. Han begynner å dra litt på årene, men denne sesongen så virke han 10 år yngre. Ein midtstopper som spelar bra kvar kamp.
Midtstopper Nr 2: Denne midtstopparen er kanskje den vanlige typen du ville valgt. Han er ein tysk maskin og spelar for ein av verdens beste lag. Jerome Boateng. Frå når han starta i Bayern til no, så har Boateng vert ein av dei spelarane som har utvikla seg mest. Han er sterkare enn ei okse, og du kommer deg ikkje forbi han med mindre du bruker skitne knep. Han har blitt ein verdens klasse spelar, og det er ingen tvil. Han skal vere med!
Venstreback: Ricardo Rodriguez. Ein venstreback som har eksplodert dei siste 2 åra. Han har blitt ein av Wolfsburg viktigaste spelar, og med den sesongen Wolfsburg har hatt i år så kan bare alt gå oppover for Rodriguez. Frispark spesialist og ein moderne venstreback. Han er ein spelar kvar klubb ville ha fått bruk for. Nb! David Alaba var utrolig nære ved å få plassen, men det hadde vert det enkle svaret.
Venstrekant: Denne posisjonen er ein av dei mest irriterande. Det er altfor mange å velje mellom, men dette er min liste, så eg skal ta ein litt uvanlig ein, igjen. Heung Min Son. Eg er ein ivrig supporter av Bundesliga, og denne mannen får ikkje nok skryt. Han er ein angrepspelar som er farlig med begge bein og kan drible forbi ein kvar mann. Han er eit auge for mål, og denne sesongen har han bevist at han kan meir enn folk trur. Med 11 mål denne sesongen frå ein venstrekant rolle, så er det ganske imponerande.
Sentralmidtbane Nr 1: Igjen, altfor mange val. Denne midtbane spelaren er skapt for å underhalda, men han har også bevist at han kan bli ein av verdens beste. Paul Pogba. Fekk aldri prøvd seg i Manchester United. Eit lite bomskot var å selje han til Juventus, gratis. Skyting, dribling, hovudsterk, Pogba har det meste når det kjem til ein «perfekt» midtbanespelar. No må han bare konsentrera seg om framtida, og ikkje la pengane ta kontroll.
Sentralmidtbane Nr 2: Eg glad for at kunn tok med 2 midtbanespelarar. Vala er altfor mange, og eg prøvde å ikkje ta med for mange Bundesliga spelarar, men det var umulig å ikkje gi denne plassen til Granit Xhaka. Ein spelar som har gjort det betre enn nokon gang. Ein dynamitt på midtbanen, og viss ha forsett på dette nivået så er det bare eit tidsspørsmål før han ender i ein enda større klubb. Kevin De Bruyne, Schneiderlin, og Alonso var også veldig nærme med å få ein plass.
Høyrekant: Det var enda eit race om denne plassen. Sanchez eller Hazard? Eg val blei Alexis Sanchez. Ein spelar som har tatt Premier League med storm. Utan Sanchez hadde Arsenal kanskje aldri klart den plassen dei er på no. Målfarlig med ein gong han får ballen i beina og er ein typisk spelar som kan score ut av ingenting. Eden Hazard har så klart gjort det betre, men Sanchez føler eg har vert meir viktigare for Arsenal enn Hazard for Chelsea, men dette var nesten eit umogleg lag. Så viss nokon Chelsea supporterar leser dette og blir sure, så beklagar eg det.
ANGREP:
SPISS NR. 1: No kjem det verste… Spiss plassane var eit hav av val, men eg går etter kva er min meining. Spiss Nr. 1 er ein spelar som begynte karrieren i sin nye klubb med ein lang karantene, men kom tilbake med eit stort smell. Luis Suarez. Ein av mine favoritt spelarar gjennom tidene, og det er ingen tvil at Luis Suarez burde bli med på laget mitt. Ein spelar som kan skape noko stort kvar kamp.
SPISS NR. 2: Den siste plassen går til ein spiss som spelar med hjarte. Ein spiss som ikkje bryr seg om pengar men om klubben og fansen. Sånne spelarar no for tida er det vanskeleg å finne. Harry Kane er ein av dei. Enda ein spelar som plutselig har eksplodert i form. Mål etter mål for den målkåte spissen for Tottenham. Utan Kane, så ville Tottenham aldri vert så langt oppe på tabellen som dei er no. Harry Kane for min siste plass på mitt lag for sesongen.
