SHINee`s back!
Dei er tilbake med eit nytt album, og viss det er like bra som dei førre albuma så er det bare å glede seg. Songen View frå det nyaste albumet Odd er komme ut på Youtube, og er allereie sett over 1 million gongar på 2 dagar.
Av Andreas Hope
SHINee er ein koreansk boyband gruppe og blei danna i 2008 av SM Entertainment. Gruppa består av 5 gutar ved namn Lee Jin Ki (Onew), Kim Jong-Hyun, Kim Ki-Bum (Key), Choi Minho og Lee Taemin. Den 25 mai 2008 debuterte dei med singelen «Replay» og sidan har gruppa utgitt 3 album, 4 mini-album, eitt live album og diverse singlar.
Den 22 juni 2010 debuterte dei med sin japanske versjon av singelen «Replay», og etter dette bare eksplodert i popularitet. Dette beviste dei med å vinne prisen «Best Newcomers» saman med Davichi og Mighty Mouth på det 18. Seoul Music Awards.
Albumet Odd består av songane:
-Odd Eye
- Love sick
- View
- Romance
- Trigger
- 이별의 길 (Farewell my love)
- 너의 노래가 되어 (An Ode To You)
- Alive
- Woof Woof
- Black Hole
- 재연 (An Encore)
Har du høyrt songane endo? Viss ikkje er det bare å finne seg litt tid og slappe av mens du høyrer på eit nytt og fantastisk album av SHINee!




