Anime og Husfliden
Animerte seriar har blitt utrolig populært for tida for ungdommar, men kanskje noko som har eksplodert i popularitet for tid er japanske seriar eller Anime som det blir kalla.
Tekst og bilde av Andreas Hope
Anime er animerte seriar som har ulike typar plot og som kjem frå Japan. Anime kjem i mange sjangrar og det finns ein sjanger til kvar person. Action, romance, horror, comedy og mange fleire. Anime er og ein fin måte å møte nye folk på. Konsertar, møteplassar, resturantar spesial bygd til anime. Det er utrolig masse rart. Kanskje spørsmålet mange då vil stille er kvifor er dette så populær og kvifor burde folk begynne å sjå på det?
Mange her på husfliden er utrolig interessert i anime og dei kler seg til og med ut som sin favoritt karakter i sin favoritt anime. Men kvifor? Sidan det er utrolig mange «Otakus» som dei blir kalla, så var det på tide å finne nokon å intervjue.
Eg stilte då nokon Otakus disse spørsmåla:
-
Kva fekk deg til å like anime?
-
Kva er det du liker best med anime?
-
Kva er din favoritt sjanger?
-
Har du ein favoritt anime?
-
Har du lyst til å lære japansk?
-
Ville du anbefalt anime til andre folk, og kva ville du i tilfelle sagt?
-
Hører du på musikk på japansk?
-
Kva er cosplay og kler du deg ut i cosplay?
-
Lars Jakob Flatekvål.
- Det har alltid vert i livet mitt. Eg begynte å sjå på transformers når eg var liten og bare blei heilt hekta. Dessutan så er eg veldig glad i stilen dei bruker i anime. Måten dei teikne på er skikkelig spennande, også er det litt heimekoselig.
- Det at dei blander skitten humor med vold og får det både seriøst og useriøst.
- Noko med spenning i.
- One Piece
- Ja det har eg! Eg kan litt frå før.
- Eg ville anbefalt det! Det ser kanskje barnslig ut men det er utrolig bra. Det kan vere lærerikt, men så kan det også gjere at du blir usosial.
- JA! Eg elskar det!
- Eg skal begynne med det.
Christian Fostervoll Cortes.
- Litt usikker eigentlig. Eg har vert masse på nett, sett på tv og det var masse som gikk igjen. Eg var og litt nysgjerrig på teiknestilen.
- Storien, plotet og visse karakterar som du møter i anime.
- Ecchi, Adventure og Action. (Du vil ikkje vite kva ecchi er.)
- One Piece og Avatar.
- Ja kanskje litt.
- Eg ville kanskje foreslått det, men eg er ikkje sikker på kva eg ville sagt.
- Ja eg høyre på One Piece sine intro songar men eg drive ikkje å søke etter det på nettet.
- Har ikkje gjort det enda, men eg skal begynne.
Siripon Gref.
- Eg begynte å teikne anime, så har eg aldri stoppa.
- Eg likar alt med da. Eg veit ikkje kvifor men eg har bare likt da.
- Sci-fiction, romantiske komediar og fantasy.
- Nei det har eg ikkje, det er altfor mange å velje mellom.
- Ja eg kan snakke litt frå før av. Eg kan introdusera meg på japansk.
- Ja eg ville anbefalt anime. Det er gøy og du får sjå nye karakterar.
- Ja! Eg høyre på anime intro songar, også høyrer eg på K-pop som er koreansk pop.
- Ja det har eg! Eg var Inori frå animen Guilty crown på Desucon. Desucon er ein møteplass kor folk går i cosplay som ein serie karakter dei liker og bare har det gøy. Eg skal definitivt cosplaye igjen.



