top of page

Australsk popsensasjon i Bergen

Søndag 26 April haldte Cody Simpson ein konsert i Bergen på USF Verftet.
Tekst og foto: Emma Slettemark og Anna Jordalen

Cody Simpson vart fødd 11. Januar 1997 og er frå Gold Coast, Australia.  I 2009 begynte Simpson å spele inn videoar frå soverommet sitt, og la dei ut på Youtube. Han blei oppdaga av Shawn Campbell, ein grammy-nominert produsent som har produsert for blant ant Jay Z og vart signert til det amerikanske plateselskapet Atlantic Records.

 

Cody Simpson hadde konsert i Bergen søndag 26 april på verftet.  Han er ein ung artist, og er no blitt sjølvstendig og har sitt eige plateselskap Coast house record.  Han er på Europa turne, for å promotere albumet Free som kjem juni 2015.

 

Konserten

 

Salen var fylt opp, og det var dytting for å prøve å få den beste plassen, kom den fyrste oppvarmingsartisten Ryan Beatty på scenen. Han song nokon av sine eigne songar, og songar frå Drake. Jackson Harris var den andre oppvarmingsartisten. Han song Kings of Leon, Ed Sheeran og sine eigne songar.

 

Konserten gjekk over alle forventningar. Salen var full, og køen gjekk langt ut døra. Det var til og med nokon som hadde vore på plass sidan klokka 7 på morgonen. Songane som vart spelte var både nye og gamle.

Det var songar frå hans tidligare album og frå albumet som snart kjem ut. Han var og så bra live at det høyrtes ut som det kom rett ifrå plata, og det er det ikkje mange artistar som klarar. Han heldt på ein halv annen time, og publikum gjekk aldri lei. Det var ein utruleg oppleving, og det er ikkje siste gong me kjem til å sjå han på konsert.

Also Featured In

    Like what you read? Donate now and help me provide fresh news and analysis for my readers   

Donate with PayPal

© 2023 by "This Just In". Proudly created with Wix.com

bottom of page