
Det store intervjuet
Tekst: Gry Himle
Bilde: Venturebeat.com
The Interview, som på godt norsk heiter Intervjuet, er ein action- og komediefilm. I hovudrollane finn me Dave Skylark (James Franco), Aaron Rapaport (Seth Rogen) og President Kim Jong-un (Randall Park).
Filmen varar i 112 minuttar samanlagt og er laga av Evan Oldberg og Seth Rogen. Filmen kom ut på 24.desember 2014 i USA. Filmen foregår på engelsk og koreansk, noko som gjer heile filmen meir truverdig.
Filmen handlar om Dave Skylark og produsenten Aaron Rapaport som har tabloid programmet «Skylark Tonight». Gjennom programmet, får dei muligheiten til å intervjue diktatoren Kim Jong-un frå Nord Korea. Plutselig er dei rekruttert av CIA – og intervjuet er ikkje lengre den viktigaste parten.
Filmen byrjar ganske kjedelig, og ein har lyst til å hoppe nokre minuttar, og ein forstår gjerne ikkje heilt kva det har med filmen å gjere. Sakte men sikkert bygger det seg opp spenning, og ein forstår kven dei er og kva dei gjer.
Kunne spart seg for musikken
Sjølve filmen er rotete og urealistisk bygd opp på grunn av dei uventa vendingane. I løpet av kort tid har diktatoren og Skylark blitt gode vennar som spelar basketball og høyrer på Katy Perry. Sjølve klippene er gode, men musikken kunne dei spart seg for. Ein får følelsen av at dei kun fant nokre tilfeldige songar og plasserte dei oppå den ferdig filmen. Dei kjem brått, og sluttar like brått.
The Interview har mange usannsynlige augeblink og mykje overdriving for å gjere det ekstra morsomt. Likevel er enkelte scenar så urealistiske og tåpelige at det blir for dumt.
Passar ikkje for barn
På grunn av perverst språk, seksuell humor, nakenheit, dop og ein heil del blodig vold passar ikkje filmen for barn.
Filmen er bygd på gode tankar, og får ein til å tenkje på korleis det kan vere i Nord Korea med diktator. Det har skapt mykje leven frå landet, og forsøket på å ta ned filmen har ikkje fungert så langt.
Sjølv om IMDB.com gav filmen 7,2, meiner eg filmen ikkje fortener meir enn karakter 6 av 10.
Filmen har kinopremiere 06.02.2015.