Er pc framtida?
Det er ikkje lengre notatblokkar som ligg framme på elevars pultar. Det er pc og mobil. Snart kjem alle bøkene på internett. Er dette framtida?
Tekst/foto: Gry Himle
På videregåande skuler er alle elevane utstyrt med egen pc. Alle er nøydd til å ha ein, og den blir flittig brukt i timane. Lekser og innleveringar, prøvar og resultatar – alt ligg tilgjengelig på itslearning.
Det er ikkje berre dei videregåande skulane som tar i bruk datamaskina. Også ungdomsskulen er aktive.
Framtida?
Det er fleire som meiner at datamaskina er framtida vår. - For menneskets utvikling, så er dataen framtida. Kommunikasjon og ny teknologi, fortel Ida Tufteland. I følgje Raad er det teknologien som er framtida, ikkje direkte pc.



Ligg i hendene på ei datamaskin
På datamaskinen finn ein alt ein har jobba med, gjerne mange år tilbake. Viktige dokumenter, prosjekter ein har jobba med, eller kanskje bileter som betyr mykje. Ein legg alt i hendene på datamaskina, utan å tenkje på at den ein dag vil slutte å fungere. – Ein blir avhengiv av internett og alle digitale «duppedittar», fortel Bodil Sekse, som er lærar ved Voss Husflidsskule.
Er ikkje berre fag pcen blir brukt til
Dei fleste av elevane tar ein tur innom både Facebook, blogg.no og gjerne mobiltjenestar som Snapchat og Instagram i timen. Datamaskina er eit godt arbeidsverktøy å bruke til skulearbeid, men diverre ikkje berre det. Det er og eit distraksjonsverktøy. Fleire av elevane bekreftar at dei sit på Facebook i timen. – Ein blir meir ufokusert på grunn av at ein har muligheit til det. Men eg gjer kva eg skal sjølv om, fortel ein av elevane ved Voss Husflidsskule.
Ikkje berre negativt
Det er ikkje berre negativt at datamaskina er tatt i bruk. Det er mykje lettare å få tak i informasjon og dele informasjon. Det er òg mindre kostnadar, ettersom ein slepp å kjøpe inn bøker.
- Dessutan slepp me å skriva, seier Rebekka Raad.