top of page

"JE SUIS CHARLIE"

Redaktøren: Stéphane Charbonnier snakkar ut om meningane sine i Charlie Hebdos hovedkvarter.  (Google)

Tekst av Ida Therese Tufteland. 

 

7. Januar 2015 er ein viktig dag for Frankrikes historie.

Dette var dagen ytringsfridomen skulle få 12 menneske drepne i ein brutal terroraksjon.

 

 

7. januar 2015 skjedde det eit tragisk terrorangrep i hjarte av Frankrike, Paris. To maskerte menn storma inn i lokala til magasinet Charlie Hebdo, fyrte av og drap 12 menneske. Dette er det verste terrorangrepet Frankrike har hatt i dette århundre, og fleire terrorhandlingar har skjedd i etterkant.

 

BLOD OVERALT

 

Ein heilt vanleg dag på jobben for journalistane i det franske vekebladet Charlie Hebdo skulle utvikla seg til eit av dei verste terrorangrepa i Frankrike sin historie til no. Alle var samla for å avslutta deira vekentlege redaksjonsmøte då skota kom. Ein av journalistane, Laurent Leger, var med på redaksjonsmøte, og fortalte at han måtte kaste seg bak eit bord, og gøyme seg der til dei hadde gått. -Eg såg mykje blod, eg såg halve redaksjonen på golvet, og eg såg redsel, sa Leger. -Eg veit endå ikkje korleis eg greidde å sleppe unna i live.

 

BRØR

 

Dei maskerte mennene som utførte terrorangrepet er blitt identifisert, og er   brør. Dei heiter Said og Cherif Kouachi. Brørne har heile livet budd i Frankrike, men har familiebakgrunn frå Algerie. Cherif har ein kriminell bakgrunn frå før, der han har prøvd å reise ned til Syria for kjempe mot USA. Den tredje personen som køyrde fluktbilen meldte seg tidleg, og var ein 18 år gammal gut.

 

TRUGA PÅ LIVET, MEN DET ER IKKJE FØRSTE GONG

Stephane Charbonnier, som var redaktøren, døydde under terrorangrepet, men for han var ikkje det å bli truga på livet uvanleg. Charlie Hebdo teiknar karikaturteikningar om Muhammed, og det er dette som skal ha provosert Brørne Kouachi. Leger fortel vidare at når brørne kom inn i rommet skreik dei ”Charbo”, som sjefsredaktøren Stéphane Charbonnier kalla seg på grunn av karikaturteikningane av Muhammed, og skaut han. Charbonnier levde for ytringsfridommen og brann for karikaturteikningar. Ein av dei siste tinga han sa var:

 

”Eg vil heller døy oppreist, enn å leve på knea mine.”

 

”JE SUIS CHARLIE”

 

Heile Frankrike er rysta over det som har skjedd, men dei har berre blitt sterkare. Mange har demonstrert ved å vise teikningar som dei og andre har teikna. ”Je suis Charlie”, eller som det heiter på norsk ”Eg er Charlie”, blir vist overalt i Frankrike. Mange viser støtte, og møter opp for å visa omtanke i Paris sine gater. -Det brørne har gjort er ikkje fordi dei er muslimar, men fordi dei er radikalistar. Dette er veldig viktig, seier fleire. Dette er terror.

 

TERRORANGREPA FORTSET

 

Fleire terrorangrep har skjedd etter Charlie Hebdo-angrepet. Blant anna har det vore eit nytt gisselangrep, og ny skyteepisode. Fredag var det eit gisseldrama på ein kocherbutikk, der ein mann tok fleire gislar. I tillegg har brørne Kouachi hatt ein lang biljakt og tilslutt tok dei eit gissel i eit trykkeri i den franske byen Dammartin. Alle terroristane er drepne, inkludert fire gislar.

 

SNUDD OPP NED

Etter terrorangrepet i Frankrike, har det snudd opp ned på det meste.
Allereie i Noreg har folk engasjert seg og gått i demonstrasjonar, og ein evig krangel om muslimar er i gang. Noreg lever og i frykt saman med Danmark og Storbritannia for at dei er det neste målet for terroristane. I Frankrike er folket samla og hedrar Charlie Hebdo ved å kjøpa denne vekas magasin. Den er blitt utseld i mange butikk allereie. For dette vekas magasin var litt meir vanskeleg enn dei andre.. Meir om Charlie Hebdo kjem i neste trykk. 

 

 

 

Also Featured In

    Like what you read? Donate now and help me provide fresh news and analysis for my readers   

Donate with PayPal

© 2023 by "This Just In". Proudly created with Wix.com

bottom of page