
”Barna blir ikkje høyrt.” Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen starter ein mobbekampanje gjennom heile 2015. -Dette er eit viktig tema, barna blir ikkje høyrt, seier Isaksen.
UROVEKKANDE HØGE TALL PÅ MOBBEOFFER
Tekst: Ida Therese Tufteland
I ein anonym undersøking har nesten halvparten av ein klasse blitt mobba ein eller gong i livet. Omtrent 17.000 blir mobba i Noregs land. No tar politikarane tak og har hatt eit toppmøte om mobbing. –Det er så mange barn som har sagt i frå, men som ikkje blir sett eller høyrt, seier Bent Høie til VG.
BLIR EIN AV DEI STORE SAKENE FRAMOVER
I eit toppmøte med statsminister Erna Solberg, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og helse- og omsorgsminister Bent Høie diskuterte dei ein av dei store sakene dette året, nemleg mobbing. Møtet representerte også startskotet for et år i anitmobbekampanjens teikn, skriver VG. På møtet var og fleire som har følt og kjent mobbing på kroppen, derriblant Morten Harket som stod fram som mobbeoffer.
-Dette er nøydt til å være en daglig kulturinnsats, og ikkje berre ein kampanje. Blir det berre ein kampanje så vil det ikkje gje resultata i det hele tatt, seier Harket til VG. Ein av sakene som blei diskutert var Odin saken, og om kor mange barn som seier i frå men som ikkje blir høyrt. – Et gjennomgangstema, og det største enkeltproblemet, er at unge som blir mobba melder frå, men ikkje blir hørt, seier Isaksen. Kathrine Olsen Gillerdalen, mor til Odin var og tilstade, og fortalte kor viktig det er å vera der for barna.- Me må høyra på barna. De er dei viktigaste, seier Kathrine Olsen Gillerdalen.
”Me må høyra på barna. De er dei viktigaste!”
ODINS HISTORIE
Odin var ein av dei av som måtte ofre livet sitt for mobbinga. Odin Olsen Andersgård blei berre 13 år, men har kjent på mykje smerte som kan rekka eit langt mannsliv. Dette er guten som blei mobba på to skoler. Ein gut som gjentatt gonger sa i frå, men aldri fekk oppleva at det tok slutt.
Odin:- Odin blei berre 13 år.
SKULENS AVGJERSLE
Moren Kathrine fortell at alt starta som voldelege episodar, som at jakka blei slengt på golvet, leksebøker og pennalhus kasta ut av vindauga. Ein dag hadde dei til og med prøvd å sett fyr på jakka hans. Dei sa slemme ord og plaga han konstant. Dette gjorde Odin til ein følsam, redd og stille gut. –Han hata skulen, sa ofte at han var sjuk, hadde vondt i hovudet, kvalm. Det er grusamt å sende barnet sitt avgårde slik. Seier Kathrine til VG. Kathrine prøvde gjentatte gonger å ha kontakt med skulen, men følte at dei ikkje tok dette på alvor. Mobbinga fortsette og tilslutt måtte Katrine vere på skulen for å passa på Odin. Familien flytta til Aurland- Høland,
–Me hadde ein god periode. Odin fekk seg kompisar, til og med ei venninna.
Dei var med kvarandre heile tida, men så begynte det. -Dei kom med fæle kommentarar og ord som ikkje skulle vore på trykk. seier mamma Kathrine. Kathrine kontakta skulen, og dei svarte tilbake: ”Eg skal sørgja for at mobbinga avtar umiddelbart.” Men det fortsatt og Odin er oppgitt, han vil at dette skal ta slutt. Derfor skriv han og mora ein siste e-post med skulen. -No må det ta slutt, seier Odin. Dagane går og går. Odin spør om igjen om dei har fått svar, men Kathrine må fremdeles sei nei til guten sin, men seier at ho skulle helde løftet sitt.
-Kva løfte gidde du han?
”Eg gidde løftet om at eg skulle gjøre alt som sto i min makt for at det skulle bli betre.”
DEN SISTE DAGEN
Onsdag kom og Odin kjem heim frå skulen. Han går rett opp på badet for å ta seg ein dusj. Når Kathrine skulle gå tur med hunden før middag, skjønte ho at noko var galt. Ho ropte opp til Odin men han svarte ikkje tilbake. Ho sprang opp og la merke til at døra på badet var låst. Ho fant fram drill og skrutrekkar og spratt opp døra. Der fant ho han livlaus. Når ho prøvde å gi han livredning skjønte ho det. Det var forseint, det sto ikkje til å redde guten sin. Espen, pappen til Odin får beskjed når han er i trafikken i Oslo. Han legger om og køyrer i all hast, men det er rushtid og alle skal heim. Han ringer til politiet som hjelper han. Når han kjem til Romarrike står politibilen klar. Han sitter på og dei køyrer i all hast mot Aurland. Han må til Odin. Når han ankom Aurland husker han at alt var eit stort kaos. Politibiler, ambulanse, begravelsesbyrå som allereie var kome. Søskena til Odin, Tuva og Joachim, familien, legen og Kathrine som ligger samankrøpet og skriker. Han spring opp trappa for å sjå om det verkeleg var sant. Han løfter den livlause guten sin opp, og legger han i senga. Rett ved sidan av bamsen han fekk når han brakk armen. På bamsen står det: ”Verdas tøffaste gut.”
Odin blei berre 13 år, men har opplevd mykje på dei 13 åra.
Begravelsen var 1 veka etter. Alle som kjente Odin sit i kyrkja. Alle samla i lag. Presten Gaute Sveinall som har vert prest i 30 år har aldri vert med på noko sånt før. Han gjer seg klar før han leser opp til ei fullsatt kyrkja.
«Vi er samlet her for å ta avskjed med Odin Olsen Andersgård. Vi er her meget motvillige. Vi har vanskelig for å akseptere at Odin er død, bare 13 år gammel, og vi sliter med å komme til rette med det at Odin tok sitt eget liv. Dødsfallet hans kom uten forvarsel».
Tuva nektar å gi slepp på kista, og sitt der gjennom heile bisettelsen. Presten snakkar om Odin, og les opp det vetlebroren sa. Sjølv om alle er i sorg, begynner alle å smile og le når dei fortell fine ting om Odin. Presten fortsett. - «Livet er samansatt. Det er det finaste og viktigaste me har. Men det kan også være så vanskelig at det ikkje er til å holda ut».
Tung avskjed: -Joachim mista ikkje berre sin storebror, men og sin bestevenn.


