
Who is Fancy?
Artisten ” Who Is Fancy” fekk verden til å undra. Det var ingen som visste heilt sikkert kven artisten var før no. Artisten kom ut med debutsingelen sin ”Goodbye” i byrjinga av februar, men det var ikkje før 7. April verda fant ut kven ”Fancy” verkeleg var.
Tekst av Anna Jordalen, Emma Slettemark og Rebekka Raad, foto: Republic Records
Det var veldig klare teikn på at den ukjende songaren kanskje kunne vere Jake Hagood frå Nashville. Kommentarfeltet på musikkvideoane vart overfylte med spekulasjonar om at den mystiske songaren var Jake. Det vart funne ein musikkvideo der Hagood song ”Just Like Autumn” i 2010, og folk meinte at stemma ha var lik mysteriesongaren. Søstera hans sendte i 2012 ein video til The Ellen Degenerers Show der han song, og han hadde og laga ein song med andreplass vinnaren av American idol sesong 12. Det som fekk folk til å rasa var at det var umogleg å finne noko spor av songar, eller skikkelege bilete av han og alle videoar har vorte sletta frå nettet.
Musikken er viktigast
Det er kome fram spekulasjonar om at Jake Hagood faktisk er med i musikkvideoane til ”Goodbye”. Mannen som lyser med lyskastar på hovudpersonane er veldig lik Hagood og det har blitt skrive artiklar om at det faktisk er han. Det er ein veldig klar metafor med det at han lyser på nokon andre enn seg sjølv. Han vil ikkje vise fram seg sjølv, bare musikken hans.
7. april fekk me svaret me hadde venta på. Fancy var med på talkshowet ”The Tonight Show With Jimmy Fallon” og viste seg fram til verda. Han framførte låta ”Goodbye” og sa at dette bare var byrjinga.

Tre videoar med eit bodskap
Artisten er blitt signert av Scooter Braun og Scott Borchetta. Braun eig to plateselskap og representerer både Justin Bieber, Ariana Grande og Carly Ray Jepsen. Scott Borchetta er mest kjend for å vere han som oppdaga Taylor Swift. Songen begynte å spela på amerikansk radio 10. Februar. Lyrikkvideoen kom ut på Youtube 17. Februar og det vart ikkje bare laga ein musikk video, men tre stykk. Videoane er heilt identiske bortsett frå at det er ein ny person i kvar video. I musikkvideoen viser dei ein person som blir forvandla til nokon som dei ikkje er, men heller slik media vil at dei skal sjå ut. Det viser veldig klart korleis media kan forandre alt med deg for å få deg til å verte meir populær og selje meir. Kanskje det er det artisten ikkje ville, å verte forma til noko som han ikkje var.